Draumkvedet, Ymist *kl.14.00



loftet

Torsdag 20. September
Dørene åpner: 13:30
Starter: 14:00
Tillatt for alle.

Kjøp!


før
høyrde eg stemmer frå vi
eit vi
dette vi-et snakka og song framtidssong
syng den songen for meg mollimokka


DRAUMKVEDET - EI REISE I TIDA OG I MENNESKESINNET

I samarbeid med Kapittel

Framsyninga Draumkvedet baserer seg på den kjende mellomalderballaden med same namn. Her møter me Olav som fell i djup svevn på juleftan, og som i draume vandrar gjennom dødsriket. Først trettandedag jul vaknar han opp og dreg til kyrkja for å fortelja om draumane sine.

YMIST. sin versjon av kvadet er blitt til ein monolog for skodespelaren Morten Espeland, og dei historiske versa er omkransa av nyskriven tekst av dramatikaren Eirik Fauske.
I Draumkvedet følgjer publikum skodespelaren på ei reise inn i karakteren Olav, og vidare inn i draumane hans. Draumereisa tek oss gjennom ei rekkje landskap der ein beveger seg frå noko heimleg og kjent, til noko forvitra, mystisk, øydelagt og marerittaktig. Kanskje dukkar brotstykker av historier opp? Kven er Olav? Kva har hendt han? Er han sjuk? Har han vore utsett for ei ulukke? Drøymer han, eller er han i ferd med å døy?

pust
eg pustar ein gong i minuttet
pust inn
tel til tretti
pust ut

dei står i ring omkring meg no
og vil meg oppatt vekke
pust inn
pust ut

Draumkvedet er eit tidleg, norsk eksempel på såkalla visjonslitteratur. Diktet blei overlevert munnleg frå generasjon til generasjon i fleire hundre år, og er samla inn i over 100 ulike versjonar. Somme av versjonane er blitt opphøgde til nasjonale skattar, medan andre blir sett på med meir misstenkelege auger. YMIST. har latt seg fasinera av Anne Skålen sin villare versjon som langt på veg er blitt devaluert som "upaalidelig og ikke sanddru".

Medverkande:
Skodespelar: Morten Espeland; Instruktør: Erlend Samnøen; Dramatikar: Eirik Fauske; Scenograf: Maja Nilsen; Lysdesign: Evelina Dembacke og Tilo Hahn; Lyddesign: Nils Jakob Langvik; Dramaturg: Kai Johnsen; Tekstdramaturg: Finn Totland; Produsent: Ida Willassen; Teknikkar: Alf Erik Fylkesnes

Støtta av:
Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Dramatikkens hus, Bergesenstiftelsen, Hordaland Fylkeskommune og Hordaland Teater.

YMIST: vart skipa av Morten Espeland g Erlend Samnøen i 2014. Draumkvedet er den andre framsyninga laga av kompaniet.

Om Morten:
Morten Espeland vart fødd på Stord i 1972, og er for tida tilsett i Skuespiller- og danseralliansen. Han gjekk ut frå Statens teaterhøgskole i 1998, og debuterte På Den Nationale Scene same året. Morten var tilknytt Det Norske Teatret frå 1999 til 2012 og har også spela på Nationaltheatret, Riksteatret og Rogaland Teater. Han har medverka omlag 50 ulike sceneproduksjonar og har gjestespela i New York, Bonn, Vilnius og New Dehli.

I 2008 fekk han Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i Den arabiske natta, og i 1999 vart han nominert i kategorien «Fremragende sceneprestasjon» for Guten i Den 25. timen.

Dei seinare åra har han teke fleire kurs i dei fysiske skodespelarteknikkane Viewpiont- og Suzukimetoden med SITI - Company (NYC).

Om Erlend:
Erlend Samnøen (fødd 1978) gjekk ut frå Statens balletthøgskole i 2002 og jobba i fleire år som dansar og koreograf både i det frie feltet og ved ulike institusjonsteater, før han i 2008 debuterte som instruktør med framsyninga Jul i Prøysenland på Trøndelag Teater. Sidan han har arbeid stadig meir med regi, med anna Bør Børson Jr. og Petra von Kants bitre tårer på Trøndelag Teater, Den Uendelige Historie på Hålogaland Teater og Stormen på Haugesund Teater.

Om Eirik:
Eirik Fauske (fødd 1982) er dramatikar, scenekunstnar og instruktør utdanna ved KhiO. Han har skrive og regissert fleire eigne verk, mellom anna LIVE - Sorgarbeid (2016) og LINDÅS (2012). Eirik var husdramatikar på Dramatikkens hus i 2013-2015 og har skrive Under barnehagen (2010) som blei nominert til Ibsenprisen og seinare har hatt to premierer i Tyskland.

Andre verk i utval: nyskriving av Stormen av Shakespeare for Haugesund teater i 2016 og Åstaddikting ved Det Norske Teatret (2017).

Støttes av: