Gjerstad/Narvesen duo



loftet

Torsdag 01. November
Dørene åpner: 20:00
Starter: 21:00
Aldersgrense: 18år

Kjøp!


Gjerstad/Narvesen Duo

Frode Gjerstad er kjend som jazzpionér og opphavet til Stavanger sin uoffisielle tittel som "Frijazzby". Han har spelt og speler med mange av dei fremste improvisasjonsmusikarane i verda, samstundes som han alltid har hatt eit blikk på dei lokale musikarane i Stavanger: Dei aller fleste stavangerjazzmusikarane som har gjort det skarpt innanfor dei litt meir frynsete jazzsjangarane har på eit tidspunkt spelt med Frode.

Dag Magnus Narvesen er ein stavangermusikar som òg har gjort seg gjeldande på den internasjonale improvisasjonsscena dei siste åra, anten gjennom sine eigne prosjekt, til dømes oktetten DAMANA eller i samarbeid med andre, til dømes Alexander von Schlippenbach, Aki Takase, Conny Bauer og Tobias Delius.

Sjølv om dei to har spelt saman i eit rom på det som ein gong var Rogaland Musikkonservatorium for mange år sidan, har dei to aldri spelt på ein scene saman. Dette vil dei gjere noko med i haust, og inviterer stavangerpublikummet til denne aldri så litle lokale storhendinga.

https://no.wikipedia.org/wiki/Frode_Gjerstad
www.dagmagnus.com
Støttes av: